Inngangsbillett Kvernsteinsparken

Visste du at i vikingtida eksporterte Norge tusenvis av kvernsteinar til Europa?
Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Detaljer

Visste du at i vikingtida eksporterte Norge tusenvis av kvernsteinar til Europa? I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan du sjå og prøve korleis steinhoggarane jobba. Korleis dei hogg store og små møllesteinar ut av fjellet, som seinare skulle kverne korn i dagens Tyskland og Danmark.

Gå igjennom steinbrotslandskapet i ei tilrettelagt steinhoggarløype med 14 ulike postar. Der kan du få innblikk i livet til steinhoggarane og føresetnadane for denne eldgamle industrien.
I dette særmerkte geologiske landskapet har vi aktivitetar for heile familien. Du kan prøve deg som steinhoggar, male korn og bake ditt eige brød. Eller kanskje du vil prøve deg som jeger med pil og boge? Vi kan også lokke med kos rundt bålet med kaffi og noko å bite i frå kafeen.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 702599
Vi har eigen parkeringsplass ved parken.
Type
Attraksjoner
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..

Kart