lokaler for

SELSKAP OG KURS

Skal du feire ein spesiell dag? Rund dag, konfirmasjon eller kanskje bryllup?
Ryvarden Kulturfyr vil garantert vere ei spesiell ramme rundt selskapet som du og gjestene dine ikkje vil gløyme.
Eller, skal ditt firma arrangere eit seminar eller kurs?
Kva med ei fantastisk naturoppleving på kjøpet?

Møtelokalet er i sjølve galleriet på Ryvarden, og deltakarane opplever storslått panoramautsikt i alle retningar; ein er innomhus men opplever likevel å vere i naturelementa.
Dette vil gje kurset, seminaret eller møtet ein ekstra dimensjon som dine medarbeidarar garantert vil sette pris på.

Ta gjerne kontakt med kulturfyrvoktar eller fyrvert for meir informasjon.

Praktisk informasjon:

Vi er i dag utstyrt med projektor, overhead, lerret og flippover. Trådløs nett-tilkobling via Ice. I tillegg til kurslokalet har vi også grupperom som kan nyttas.

Vi tilbyr servering etter nærmare avtale.
Har du spesielle ønskje, ta gjerne kontakt. Ryvarden Kulturfyr har skjenkeløyve til lukka arrangement, og kan servere opp til 50 personar.
I samband med kurs og arrangement har de sjølvsagt moglegheit til å kjøre heilt ut til fyret.

send oss en

FORESPØRSEL
[contact-form-7 id=»5406″]